|
Førde familiebarnehage har 5 avdelingar på ulike adressar i Førde. Styrar har kontor i Sunde barnehage og administrerer barnehagen derfrå. Barnehageåret 2010/2011har Førde familiebarnehage 5 avdelingar. Avdelingane har lokale i sokkeletasjen på privathus. Vi har to avdelingar i Gamlestøylsvegen (nr. 16 og 17), to avdelingar på Hornnesbøen ( 15 og 17) og ein på Slåttebøen 33. Avdelingane har opningstid frå 07.45 - 16.15 bortsett frå Hornnesbøen 17 som har ope frå 07.00 til 16.30. Dette året har vi gått ned i tal plassar pr. avdeling då barna er veldig små slik at det er opp til 7 plassar frå 0 - 3 år. Det er tilsett to/tre assistentar pr. avdeling. Dei fleste har 100% stilling, men nokre har reduserte stillingar slik at det er tilsett ein tredje person ein/to dagar i veka. Ein pedagog i 100% stilling har ansvar for rettleiing på avdelingane og arbeider etter turnus med ein/ to dagar på kvar avdeling pr. veke.
Styrar har kontoret sitt i Sunde barnehage.
Barnehagen sin årsplan og årskalendar vert lagt ut på heimesida så snart dei er klare.
Førde familiebarnehage legg vekt på barna si utforsking og læring. Innanfor vår faglege forståingsramme, er det barna sine eigne behov og interesser som gjev retning for samhandling i kvardagen. Einskildbarn sine opplevingar og medverknad er i fokus.
|